Pasient hadde uoppdaga koronasmitte:

20 tilsette ved Volda sjukehus er sette i heimekarantene

Heile 20 av dei tilsette ved Volda sjukehus er sette i tidagars heimekarantene. Eit uoppdaga smittetilfelle hos ein pasient er årsaka.

VOLDA SJUKEHUS: Eit uoppdaga smittetilfelle hos ein pasient har sendt 20 av dei tilsette i heimekarantene i ti dagar. Planlagd kirurgi er avlyst resten av veka.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det kjem fram av ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal tysdag 12. mai.

- Pasienten blei fyrste gong innlagd ved sjukehuset torsdag 7. mai. Då det ikkje var mistanke om koronasmitte, blei heller ikkje nødvendige smittevernrutinar knytt til koronasmitte følgt. Det blei ikkje teke koronaprøve av pasienten som blei skriven ut til heimen fredag 8.mai, heiter det frå helseføretaket.

Vart innlagd igjen

Tre dagar seinare, 10 mai, vart pasienten igjen innlagd ved sjukehuset. Då vart det følgt smittevernrutinar, og vedkomande vart testa. Måndag ettermiddag, 11. mai, kom det positive prøvesvaret.

- Pasienten har det etter forholda bra, og ligg innlagd ved sjukehuset. Vi har gjennomført ei smitteoppsporing og har sett tjue av våre tilsette i karantene i 10 dagar, seier Palma Hånes, klinikksjef ved Volda sjukehus.

Smitteoppsporinga viste også at ein annan pasient ved sjukehuset har vore i nærkontakt med den koronasmitta pasienten. Pasienten er varsla om hendinga og ar fått beskjed om å kontakte sin fastlege. Volda kommune følgjer opp smittesporinga i kommunen, heiter det også i pressemeldinga.

Må redusere i drifta

Operativ verksemd vil framleis gå som normalt ved Volda sjukehus, men planlagd elektiv kirurgi blir utsatt resten av veka.

12. mai er totalt fem pasientar innlagde med koronasmitte ved sjukehusa i Møre og Romsdal, heiter det frå helseføretaket.

Avisa Møre-Nytt opplyser elles at 13 personar som arbeider i helsetenesta i Volda kommune, samt to Ørsta-legar som er knytt til felles legevaktteneste, er sette i heimekarantene.