Statleg tolking av regelverket gir hovudbry:

Strandsone-sjokk for kystkommunar

Ei byggesak i Haugsbygda fører til at det no vert oppklaringsmøte mellom Sande kommune, fylkeskommunen og Fylkesmannen.

Klart for bygging: Som vi ser er alt gjort klart for bygging av rorbua her på vestsida av Juliabuda i Haugsbygda. Men ei for Sande kommune fram til nyleg ukjend tolking av regelverket gjer at regulerte område og tomter i strandsoner ikkje får grønt lys, same kor regulert det er.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Vi har ein situasjon der ei tolking av regelverket frå departementet si side i 2015, kan føre til at vi må ta opp til ny handsaming og underkjenne mykje av innhaldet i tidlegare godkjende reguleringsplanar.