Havyard-verft sikrar vidare drift

Havyard Group kunne måndag annonsere at dei har kome fram til ei løysing for sine finansielle problem ved verftet i Leirvik.

Taper på alt: Alle prosjekt som er under ferdigstilling ved Havyard-verftet i Leirvik går med tap.   Foto: David Zadig

Nyhende

Havyard Group melde måndag i ei børsmelding at dei har fått på plass ei løysing for dei finansielle utfordringane som dotterselskapet Havyard Ship Technology har hatt med verftsaktiviteten i Leirvik.


Pengane held fram å renne ut for Havyard:

Taper på alt i Leirvik - Havyard-aksjane stuper

Pengane held fram å renne ut i Havyard, og no har verftsselskapet i Leirvik gått tom for eigenkapital. Og på børsen stuper Havyard-kursen til nye botn-nivå.



Leirvik-sjefen trekkjer seg

Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar i Havyard Ship Technology.


Selskapet er no samnde med GIEK, reiarar, bankar og garantistar om ein avtale som at alle skip under utrustning ved verftet i Leirvik vert ferdigstilte, skriv selskapet. Også resten av ordreboka skal etter avtalen fullførast, inkludert fem skip med skrog under bygging ved Cemre i Tyrkia.


Havyard:

Ferdigstiller alle skipa

Havyard Group har fått i stand ein avtale med reiarar og kreditorar som skal sikre at alle skip under bygging ved deira verft i Leirvik vert ferdige og overleverte.


Som eit ledd i løysinga har styret i selskapet elles vald å opprette eit nytt aksjeselskap eigd av Havyard Ship Technology, New Havyard Ship Technology AS. Kontraktane blir samtidig overført til dette nye selskapet, noko som betyr at det er dei som ferdigstiller skipa. Siste skip skal etter planen ferdigstillast i midten av 2021.


Nye Havyard-vanskar

Ei børsmelding syner at endå fleire tap er avdekte i Havyard Group.