Sterke meiningar om nasjonal flyktningpolitikk i kommunestyret

Herøy kommunestyre sender inn resolusjon til Stortinget, med bodskap om å evakuere Moria-borna no. Men fleire av politikarane var svært skeptiske til ei slik handling.

HERØY KOMMUNESTYRE: Det var mange herøypolitikarar som hadde ei meining om situasjonen i Moria-leiren. Dei var rett nok delte i sitt syn, men fleirtalet meinte Norge burde gå inn og evakuere Moria-borna no.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Som ei ekstra sak under torsdagens kommunestyremøte, fekk Jens Terje Johnsen (Ap) høve til å ta opp situasjonen ved den mykje omtala Moria-leiren på den greske øya Lesvos. Målet med Johnsen sitt innlegg var å få kommunestyret med på ein tydeleg uttale til politikarane på nasjonalt nivå.