Økonomileiar Olsen måtte svare:

Fryktar ny helse og omsorg-smell i Herøy

Herøy formannskap er bekymra for den økonomiske utviklinga i kommunen, og då spesielt i helse og omsorgssektoren. No vil dei ha månadlege økonomirapportar.

GEIR EGIL OLSEN: Øko­no­mi­lei­a­ren pre­si­se­rer at tala er fø­re­bel­se, og at no­kre ve­der­lag mang­lar. Olsen er li­ke­vel klar på at 2020 blir eit år med man­ge ut­ford­rin­gar for kom­mu­nen.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Vi er nøydde til å ha spørsmål når vi ser tala etter fire månadar. 9,5 millionar i avvik på fire månadar for helse og omsorg. Eg vil ikkje at vi skal få ein ny smell på 15 mill. og berre få høyre som forklaring at prognosen slo feil.