Aurvoll og Furesund i pluss igjen etter:

Vellukka snuoperasjon

Aurvoll og Furesund er komne på rett kjøl igjen og tener pengar etter ein vellukka snuoperasjon.

nytt nivå: Førti tilsette, og ei omsetning på 80-90 millionar kroner, er det nye nivået Aurvoll og Furesund har lagt seg på. Dette nivået gav eit fint driftsoverskot i 2019. 

Nyhende

– Vi sette oss ned og tok ein skikkeleg gjennomgang av drifta vår. Dette arbeidet ser vi no gode resultat av, seier Eivind Berge, som er dagleg leiar i Herøy sitt store entreprenørselskap.