Strenge prioriteringar for asfalt

Larsnes-Breivika er mellom strekningane som får ny asfalt denne sesongen.

Asfaltering Asfalteringssesongen startar i mai og varer til november.  Foto: Statens vegvesen/illustrasjonsbilde

Nyhende

Opp imot hundre kilometer asfalt skal leggast på fylkesvegane i Møre og Romsdal den komande asfalteringssesongen. På Søre Sunnmøre er det fyrst og fremst Eiksundsambandet som får nyte godt av årets løyving då det skal leggast til saman ti kilometer ny asfalt frå Garnes til Furene.