Må handle meir lokalt

Herøy kommune handlar for om lag 80 millionar kroner i året, men berre ein liten del av desse kronene kjem lokale firma og handlande til gode. Det vil Svein Gjelseth ha ei endring på.

meir lokalt: – Om Herøy kommune hadde handla meir lokalt så kunne det ha vore til god hjelp for lokalt næringsdrivande som slit. Vi har moglegheitene, men vi nyttar dei ikkje, seier Svein Gjelseth. 

Mesteparten i Herøy blir handla innanfor avtalen vi har med Ålesund og fleire andre sunnmørskommunar– Mesteparten i Herøy blir handla innanfor avtalen vi har med Ålesund og fleire andre sunnmørskommunar

Svein Gjelseth
Nyhende

– Næringsministeren har gitt oss moglegheitene, men vi nyttar dei diverre ikkje, seier Gjelseth og viser til det nye anskaffelsesregelverket som Monica Mæland innførte då ho var næringsminister i 2017.