Interoptik Nymark i gang igjen med optikartenestene

Etter at helsemyndigheitene frå 16. mars påla optikarar å stenge for å forhindre spreiing av koronasmitte, er Interoptik Nymark i gang igjen med augehelse- og synsundersøkingar frå og med i dag, tysdag 21. april.

John Abraham Nymark og Gitte Nymark.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Dei dramatiske tiltaka mot smittespreiing har vist seg å fungere her i Noreg. Vi er glade for at vi kan bevege oss i retning ein normalsituasjon gjennom å igjen tilby augehelsetenester til våre pasientar, med gode smitteverntiltak i butikken, seier John Abraham Nymark, optikar og dagleg leiar i Interoptik Nymark, Fosnavåg, i ei pressemelding.

Optikaren opplyser vidare om at Folkehelseinstituttet har utarbeida smittevernsretningslinjer for deira bransje, med detaljerte tiltak både for tilsette butikkmedarbeidarar, kundar, butikkarealet og for synsundersøkingar av pasientar. Ved å følge disse retningslinjene kan pasientar, optikarar, brillekundar og tilsette kjenne seg trygge på at helsa deira takast vare på på ein best mogleg måte, opplyser FHI.

– Vi må alle framleis bidra i den nasjonale dugnaden for å forhindre ytterlegare smittespreiing. Vi tek vår del av dette ansvaret, seier Nymark.

Interoptik Nymark er i gang igjen med augehelse- og synsundersøkingar frå og med tysdag 21. april.