Imponerande disiplin frå folk flest

Dei siste to vekene har det blitt registrert berre eitt nytt tilfelle av korona i Herøy og Sande. Ei slik utvikling såg vi i heile regionen. Det er truleg nokre smittetilfelle som har gått under radaren, men det er veldig lite smittespreiing lokalt. Det skuldast imponerande disiplin frå folk flest.

Illustrasjon  

Nyhende

Bråstoppen syner at tiltaka som er gjennomførte, fungerer. Smitteverntiltaka, som grovt rekna dreier seg om å halde avstand til kvarandre, samt av vi reiser lite og er ekstra flinke med hygiene, fungerer. Som mange fagfolk har peika på siste tida, er det likevel ingen grunn til å tru at faren er over. Framleis er det smitte rundt omkring, framleis må dei som kan, ha heimekontor. Slepper vi alt laust no, kan ein vere like langt.

Samfunnet sin sjølvpålagde isolasjon har likevel sin pris. I kroner og øre handlar det sjølvsagt om næringsliv og industri. Mange bransjar og forretningar blør. Korona påverkar det meste, direkte eller indirekte.

Framover skal samfunnet sakte men sikkert opnast opp igjen. Barnehagane kjem først, så småskulane. Ulike former for idrett, under bestemte retningslinjer, skal også kunne starte opp med trening igjen. Innan næringslivet vil mellom anna frisørane få opne igjen.

Mange er skeptiske til at skular og barnehagar skal i sving igjen. Med rette. Har nokon i familien til barnet underliggande sjukdom, der koronasmitte absolutt ikkje er «rette medisinen», kan skepsisen vere stor. Det vert opplyst at born ikkje lett kan overføre korona til vaksne, men det er berre antakingar. Difor verkar aprilopninga av barnehagar og skular litt forhasta. Alle desse tusenvis av smårollingar som snart stimlar saman igjen, vert på eit vis prøvekaninar, fryktar enkelte.

Ein må berre håpe dei styrande veit kva dei gjer. Uansett gjeld dette: Hald saman gjennom å halde avstand!