Tussa-styret seier nei til utbytte til trass for godt 2019-resultat:

Ordførarar til kamp for utbytte

– Det vil forundre meg mykje om Tussa kjem i ein verre situasjon etter eit år med korona og mykje regn enn det kommunane gjer.

BJØRN PRYTZ: Ord­fø­ra­ren i Her­øy går no sam­an med ord­fø­ra­ra­ne i Ør­sta og Volda for å sik­re kom­mu­na­ne ut­byt­te frå det gode re­sul­ta­tet til Tus­sa Kraft i 2019.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det seier Herøy-ordførar Bjørn Prytz i forkant av generalforsamlinga i Tussa Kraft 24. april. Her er tilrådinga at generalforsamlinga godkjenner styret sitt framlegg til disponering av overskot frå 2019. Tussa Kraft AS hadde eit resultat etter skatt på 96,8 millionar kroner i 2019.