Endå eit smittetilfelle i vårt område

Sande kommune melde andre påskedag om endå eit tilfelle av koronasmitte.
Nyhende

I meir enn ei veke har det vore fire koronasmitta både i Herøy og Sande.

Andre påskedag opplyser Sande kommune at talet no er fem. Av desse er tre friske igjen.

- Nærkontakter er tatt prøve av, og desse er no i karantene, opplyser Sande kommune om det seinaste tilfellet av koronasmitte.

Talet på smittetilfelle på Søre Sunnmøre skal andre påskedag vere slik: Sande 5, Herøy 4, Vanylven 1, Ulstein 9, Hareid 2, Ørsta 6 og Volda 6. Dei einaste to dødsfalla i Møre og Romsdal som til no er stadfesta med korona som årsak, skriv seg frå eit eldresenter i Giske.