Kø på miljøstasjonane

Våren er tid for rydding, og med koronarestriksjonar i tillegg har det skap kø for levering på lokale miljøstasjonar.

Miljøstasjon 

Nyhende

– På Mjølstaneset hadde vi ein dag nesten hundre kundar innom anlegget, og når vi ikkje kan ekspedere meir enn ein bil om gongen så blir det kø, seier Rune Tarberg ved SSR.

I tillegg til at våren er tid for hagerydding, er det òg mange som ryddar ekstra i hus og heim medan dei likevel er heime.

Tarberg fortel at mengda med hageavfall har teke seg mykje opp den siste tida, og pågangen frå hageryddarar vil venteleg halde seg oppe i tida framover.