Sjøfolk er bekymra for sjukdom til havs

Ut­sett: Det er «ri­si­ka­belt» å bli sjuk til sjøs, til dø­mes i Mid­del­ha­vet, i des­se ko­ro­na­ti­der. 

Nyhende

Verda er avhengig av at varer kjem fram til sjøs også under koronakrisa. Den nasjonale legevakta for sjøfolk får no førespurnader i hopetal.

Sidan fleire land verken har kapasitet på sjukehus eller lyst til å ta imot pasientar som kan ha smitte, har dei møtt ein ny problematikk. Arne Ulven, overlege hjå Radio Medico, som er legevakta til sjøs, fortel til NRK om ein situasjon der ein person om bord på eit skip i Middelhavet vart akutt sjuk:

– Vanlegvis ville vi evakuert denne pasienten til Spania eller Frankrike, men det var rett og slett uaktuelt. Vi måtte prøve så godt vi kunne å gjennomføre behandlinga om bord.

Sjølve sjukdommen covid-19 er og ei stor bekymring for mange sjøfolk, og ifølgje Radio Medico handlar no over halvparten av deira naudtelefonar om viruset.

Norsk senter for medisin og dykkemedisin (NSMDM) har utvikla ein app som skal hjelpe sjøfolk over heile verda. Appen skal kunne gi informasjon tilpassa kvardagen om bord på skip.

– Ein veit at tilgang på medisinsk hjelp er noko heilt anna når ein er ute på Stillehavet enn når ein er heime i Noreg, det gir ein heilt annan uro, seier Jon Magnus Haga, tidlegare sjømann og noverande leiar for NSMDM.