Informerte om korona-arbeidet i Sande

Sande kommune er i ferd med å lage ei lokal liste med aktuelle sysselsettingstiltak.

OLAV MYK­LE­BUST: Leiaren i Sande sin krisestab informerte formannskapet om stoda. 

Nyhende

Det kunne ordførar Olav Myklebust (Sp) fortelje på førre møte i formannskapet. Fylkeskommunen har som kjent varsla midlar til kommunane i denne ekstraordinære situasjonen, der arbeidsløysa har gjort eit kjempehopp.

Myklebust, leiar i krisestaben, orienterte elles om koronasituasjonen sett frå Sande si side. Kriseleiinga hadde per fredag hatt til saman 14 møte. Ein har rigga om til kamp mot korona både på Nyglå (legesenter/helsestasjon/bibliotek) og Sandetun.

– Vi har frigjort rom på Sandetun til eventuelle smitta, og i den tidlegare psykiatridelen kan vi raskt rigge om til sjukeheimsrom ved behov, opplyste Myklebust.

Kommunedirektøren kunne fortelje at Sande kommune har planen klar for tesing også i påska, der ein også har ordna seg med eigen sendebil med prøver til Molde.

Når det gjeld det politiske liv satsar ein på webmøte både i formannskap og kommunestyre, inntil noko anna er bestemt. Neste kommunestyremøte går av stabelen 28. april.