Vi har snakka med kommunalsjefane:

- Hadde helst sett at dei venta med å gjenopne skular og barnehagar

Skulesjefane i Herøy og Sande meiner det kan by på utfordringar å sende borna til barnehage og skule igjen.

Skeptisk: Oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen i Sande kommune meiner styresmaktene med fordel kunne ha venta nokre veker til med å gjenopne barnehagar og skular.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

- Eg legg ikkje skjul på at eg helst hadde sett at styresmaktene hadde venta i alle fall til midten av mai med å starte opp igjen skular og barnehagar. Men vi er løysingsorienterte, og skal klare det.