Gav tjuvane til politiet

For kort tid sidan fann Kurt Paul Lid eit avisutklipp i ei skuffe. Artikkelen handla om han – men det er det ikkje mange som veit.

AvisartikkeleN: Faksimile frå Sunnmøre Arbeiderblad (SA). Bildetekst: «Andre ting ble stjålet i tillegg til pengeskapet. Her kan Betty Ristesund slå fast at ni ur, som var festet til denne platen, er borte vekk». 

Eg har mykje rart liggande. Det kjem fram litt etter litt no når eg er komen i betre form

Kurt Paul Lid
Nyhende

Måndag 13. mars 1978 hadde Sunnmøre Arbeiderblad på trykk ein kriminalartikkel om ein ung mann i Fosnavåg som sytte for å servere to tjuvar til politiet «på sølvfat». Mannen var heilt anonymisert, men no, over 40 år seinare, har ikkje Kurt Lid noko imot å snakke offentleg om det som skjedde den gongen. La oss først gjengi artikkelen i sin heilskap: