Trekkjer NMK Sunnmøre aktivt inn i gokart-sonderingane

Det er open strid om bruken av gokartbana på Leikongeidet. No lovar Sande formannskap at NMK Sunnmøre skal vere involvert i sonderingane vidare.

Gokartbana , Leikongeidet: Sande kommune prøvde å mekle, men mislukkast. No vil ein kanskje få separate bruksavtalar med Goparken og NMK Sunnmøre. Foto: NMK Sunnmøre 

Nyhende

Formannskapet har no gitt kommunedirektøren i oppdrag å avklare kva moglegheiter som ligg i regelverket for å inngå bruksavtalar med private føretak på bana. Så vil eventuelle framforhandla bruksavtalar leggast fram som eiga sak, og alt skal altså skje i god dialog med NMK Sunnmøre.