Arbeidsløysa litt ned siste veka

13 herøyværingar og 13 sandssokningar er ikkje lenger registrert som heilt arbeidsledige.

NAV: Melder om at fleire av dei som har vore registrert som heilt ledige no er å rekne som delvis ledige.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Mange av dei nytilmeldte arbeidssøkarane har no levert sitt første meldekort. Dersom meldekortet inneheld arbeidstimar vil arbeidssøkaren bli omtalt som delvis ledig. Dette gir spesielt stort utslag i Sykkylven kommune. Der er reduksjonen i arbeidsløysa på over 50 prosent den siste veka, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

I Herøy og Sande er utslaga mindre. For Herøy sin del er 13 færre arbeidsledige ein nedgang på 2,4 prosent. 524 herøyværingar er heilt arbeidsledige no, noko som svarar til 11,3 prosent av arbeidsstokken.

I Sande er den prosentvise nedgangen på 11,8 prosent den siste veka. 97 sandssokningar er heilt ledige no, noko som utgjer 7,5 prosent av arbeidsstokken.

I nabokommunane merkar vi oss at det i Vanylven har blitt tre fleire arbeidsledige siste veka. Elles har også Hareid (28), Ulstein (47), Ørsta (25) og Volda (83) fått færre arbeidsledige den siste veka.

I fylket samla sett har det blitt 1.094 færre arbeidsledige den siste veka, noko som betyr at det er 9,24 prosent av arbeidsstokken i Møre og Romsdal som er heilt ledige på noverande tidspunkt.