Store problem med inneklima:

Må stengje to etasjar ved Borga

Kommuneoverlege i Herøy kommune, Kristian Gottliebsen, har gjort vedtak om at underetasje 1 og 2 ved Bergsøy skule, Borga, må fysisk stengjast av.

Bergsøy skule må stenge underetasje 1 og 2.: Stenginga fører til at tre klasserom og eit musikkrom vert avstengd.   Foto: Bjarne Kvalsvik

Nyhende

På sine heimesider skriv Herøy kommune at elevar, som har hatt tilhald i 1. etasje, for eitt år sidan vart flytta til andre lokalitetar grunna sterk lukt av fukt. Kommuneoverlegen rådde då til at området i 1. etasjen, «platået», vart fysisk avstengd. På nyåret i år hadde rektor ved skulen eit nytt møte med kommuneoverlegen. Grunna fleire meldingar frå foreldre med born som opplever dårleg inneklima i klasseromma og i underetasjen, i tillegg til rapporterte klager frå personalet, vart det bestemt at ein skulle gjere omfattande undersøkingar av inneklimaet.

Store problem

Resultatet av undersøkingane viste seg å avdekke store problem med inneklima, og at det sannsynlegvis er ein vasslekkasje i eine gangen som ligg bak og deretter fører til store fuktproblem. Ein har også grunna vasslekkasjen testa for oppvekst av legionellabakterien, men det har ein ikkje påvist utifrå dei prøvene som er tekne.

– Dette skal kontrollerast fortløpande vidare, seier kommuneoverlege Kristian Gottliebsen.

Vedtaket for stenginga gjeld frå og med 1. juli. Vurderinga frå kommuneoverlegen er at ved negative Legionella-testar er det ingen akutt helsefare ved å opphalde seg i området som skal stengast, sidan tidsperspektivet er fram til sommaren. Det er derfor gitt moglegheit for dispensasjon for undervisning fram til 1. juli.

– Ser svært alvorleg på situasjonen

Stenginga fører til at tre klasserom og eit musikkrom vert avstengd. Eigedomsavdelinga har såleis set i verk tiltak for å få på plass ei løysing så raskt som råd. Løysinga fordrar at ein får på plass minimum to alternative klasserom frå skulestart hausten 2020.

– Vi ser sjølvsagt svært alvorleg på situasjonen. Vi har høg prioritet på sak og ønskjer ei avklaring på korleis vi gjer dette vidare. Allereie måndag (6. april) har eg kalla inn til møte med rådmann, kommunalsjef oppvekst, rektor, verneombod og kommuneoverlege, seier leiar for eigedomsavdelinga i Herøy kommune, Robert Myklebust.

Myklebust fortel at dei på møtet skal avklare naudsynte tiltak. Det som ser ut til å vere mest aktuelt er å etablere modulbygg ved skulen frå skulestart til hausten. Dei ser ikkje vekk ifrå at det også kan kome forslag til andre tiltak, men dette må dei drøfte i vidare planlegging, skriv kommunen.

Plan- og byggjeutvalet, som skal handsame saka vidare, er orienterte.