I gang med 10 på topp

Årets «10 på topp» i Herøy vert gjennomført også i år, men med nokre forholdsreglar for å unngå koronasmitte.

«Herøy 10 på topp» Til­bo­det er for alle, og blir gjen­nom­ført på ulikt vis. Her har vi eit glimt frå då Daniel Goksøyr tok alle toppane på under ti timar.   Foto: Daniel Goksøyr

Nyhende

Dette går fram av Herøy kommune sine heimesider. Kommunen opplyser at klippekorta er utleverte til butikkane, og at klypene er kome på plass.

Hanskar

– Situasjonen i år er litt spesiell, men vi har likevel valt å arrangere 10 på topp. Dette er ei god moglegheit til å kome seg ut i frisk luft, slår kommunen fast.

I år må alle derimot ta sine forholdsreglar for å unngå smittespreiing av Covid-19. Eit krav som vert stilt til folk som skal klippe kortet sitt er at ein må ha med hanskar.

– Om du ikkje har med hanskar, kan du føre dato i ruta. Det er stas for ungane å få klippe, så hugs hanskar, skriv kommunen, som elles minner om avstandskrava på tur.

Til slutt, sidan kommunen ikkje kan pålegge butikkane å ta imot kontantar, har dei oppretta Vipps.