Runde grendalag kritiske til kommunen:

– Fjern 10 på topp-postar!

– Vi ser med uro på at det vert sett opp «Ti på topp»-postar på Runde i år.

Lundeura: Runde grendalag meiner presset blir for stort når kommunen plasserer ut fleire 10 på topp-postar på fuglefjellet. No ber dei kommunen fjerne postar for å redusere smittefaren av Covid-19, samt verne kulturlandskapet frå å bli øydelagt av for mange turgåarar. Kommunen ser det derimot som vanskeleg å skulle gjere om på eit opplegg som allereie er sett i verk. Dei på si side oppmodar turgåarar til å vise ansvar og ekstra omsyn i tida vi no står i. Arkivfoto: Kjell Runde 

I den tronge Lundeura skal alle, smitta eller usmitta, klyve opp og ned den same trappa.

Runde grendalag
Nyhende

Slik innleiar leiar i Runde grendalag, Marie Runde, i eit brev adressert til Herøy kommune 28.03. Her uttrykker grendelaget bekymring for både natur og helsa til fastbuande og tilreisande. Bekymringa dreiar seg spesifikt om at kommunen i år har plassert ut heile tre postar på fugleøya i høve det populære turkonseptet 10 på topp.