For tidleg med klage frå Tømrerprosjekt

Tømrerprosjekt er enno ikkje part i saka og har dermed heller ikkje klagerett.

Djupedalen: Tømrerprosjekt hevdar Herøy kommune har hoppa bukk over regelverket for nabovarsling, men kommunen svarar med at det er fyrst når vegtilkomst skal regulerast at Tømrerprosjekt får klagerett. 

Nyhende

Det slår avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn fast i ei tilbakemelding på Tømrerprosjekt sin klage på dispensasjonsvedtaket for det planlagde leilegheitsbygget i Djupedalen i Fosnavåg. Her har som kjent SR Marine under planlegging eit leilegheitsbygg med seks leilegheiter.