Ferjene blir gratis for passasjerar:

Innfører nytt system for billettering på ferjene

Frå og med måndag skal all betaling på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal skje gjennom skiltgjenkjenning. Samstundes blir det nye prisar.

NYTT BILLETTERINGSSYSTEM: Betaling for ferjeturen skal no skje gjennom skiltgjenning for køyretøy. Og for dei som reiser utan køyretøy på eit av ferjesambanda i Møre og Romsdal, til dømes Hareid - Sulesund, blir det no gratis. Det nye systemet gjeld inntil vidare.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Stortinget godkjente laurdag at billettering på ferje kan skje ved skiltgjenkjenning og at reisande som ikkje har AutoPass for ferje knytt til sitt bilnummer, kan bli fakturert i etterkant. For reisande som har AutoPass for ferje vil billetten automatisk bli belasta denne avtalen/kontoen, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune laurdag.

Dei skriv vidare at det samstundes er vedteke eit justert autopassregulativ som inneber at prisane er justert ned i høve det som først var føreslått. I praksis betyr dette at prisen for privatbil blir omtrent som i dag. For større køyretøy blir prisen noko lågare enn i dag. Beløpet som skal betalast inn på forskot blir og betydelig redusert.

Fylkeskommunen presiserer at det berre er dei som har ein Autopass for ferje-avtale som får rabatt. Det er derimot ikkje behov for ein autopassbrikke i bilen på noverande tidspunkt.

Heilt konkret blir det no slik for dei som reiser med ferje i Møre og Romsdal:

  • Alle passasjerar/reisande utan køyretøy reiser gratis.
  • Alle køyretøy blir billettert ved skiltgjenkjenning.
  • For køyretøy med AutoPass for ferje blir prisen belasta avtalen.
  • For køyretøy utan avtale, blir eigar fakturert i etterkant.

Ingen etterfakturering

For mange reisande er det derimot ei stund sidan ein sist måtte betale for ferjeturen, då den manuelle betalinga vart stoppa i midten av mars, som eit tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Dei vil ikkje bli etterfakturert.

– Reglane fram til no har ikkje gitt oss høve til å etterfakturere ferjereisande. Reiser som er blitt gjennomført utan billettering i perioden med manuell billettering vil derfor ikkje bli fakturert, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift hos FRAM, i pressemeldinga.

Han legg til:

– Frå søndag har vi heimel til slik etterfakturering, og alle trafikantar, også dei som ikkje har AutoPASS ferje, må betale, avsluttar Wiig.