Korleis er stemninga blant dei eldre på Myrvåg omsorgssenter?

– Fint, etter forholda

Sjølv om situasjonen er lite ønskjeleg, held dei eldre på Myrvåg omsorgssenter seg ved godt mot under koronakrisa. No har dei kome i gang med iPad og Skype for å halde kontakt med sine kjære.

In­ger Hul­dal: Hul­dal sei­er ho har det fint på Myr­våg om­sorgs­sen­ter. Som flei­re, mei­ner ho na­tur­leg nok at ko­ro­na-si­tua­sjo­nen er tra­sig, men det vik­ti­gas­te er at vi har kvar­an­dre, un­der­stre­kar ho. Godt er det der­for at om­sorgs­sen­te­ra i Her­øy no hjel­per be­bu­a­ra­ne sine med di­gi­ta­le kom­mu­ni­ka­sjons­løy­sin­gar. På bi­le­te ser vi sju­ke­plei­ar Øy­vind Hide Bar­stad as­sis­te­re In­ger med iPa­den.   Foto: Gry Dragsund-Vike

Nyhende

– Jo takk, etter forholda har eg det fint. Det er sjølvsagt litt keisamt, med det er det nok for alle. Det viktigaste er at vi har kvarandre.