Fredagens politiske behandling av Larsnes Mek. sin nye plan:

- Skulle vi gjere det slik at Larsnes Mek. droppar satsinga, tør eg nesten ikkje tenkje på konsekvensane

Eit samla formannskap sa fredag ja til framlegget til ny reguleringsplan for Larsnes Mek. Verksted.

Møte om Larsnes mek.-planar: Frå fredagens webmøte i formannskapet. F.v. sakshandsamar Geir Eide, kommunedirektør Trond Arne Aglen, ordførar Olav Myklebust (Sp) og Elin Muren Rokstad, også ho frå administrasjonen. Eide informerte først kort om saksgangen så langt. Planen vart som kjent send på ny høyring då verftet ville byggje tørrdokka med overbygg.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Den verkelege gledesbodskapen i denne saka er at verftet ønskjer å satse for framtida. Larsnes Mek. har vore, og er, eitt av fleire fyrtårn i eit nasjonalt, maritimt kluster. Skulle vi som kystkommune gjere det slik at Larsnes Mek. droppar denne satsinga, tør eg nesten ikkje tenkje på konsekvensane.