Korona – ein trussel mot demokratiet

Det at heller ikkje publikum kan delta på møta, er i utgangspunktet eit lovbrot. Her har vi ein alvorleg trussel mot lokaldemokratiet, skriv redaktør Endre Vorren i denne vekas leiar.

Koronavirus:   Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

Det kanskje aller viktigaste med eit demokrati er at vi har politisk leiing. Politisk leiing valt av folket sjølve. Det er desse politikarane – altså slike som du og eg har sett til å styre oss – som bestemmer i kva retning dei lokale forvaltingsorgana skal bevege seg. Dei set strategiar, bestemmer investeringar, driftsomgang og anna, som ein del av sitt oppdrag.

Dei siste vekene har det meste blitt snudd opp-ned i samfunnet. Mange arbeider heimanfrå, industrien prøvar så godt dei kan å få hjula til å gå rundt. Sjukeheimar, barnehagar og skular er stengde, alle arrangement avlyst. Samlingar med meir enn familiemedlemer til stades, eksisterer knappast.

Denne situasjonen er ei kjempeutfordring for det offentlege, og ikkje minst lokaldemokratiet. Det er allereie haldne politiske møte i fleire kommunar, ved hjelp av IKT-baserte løysingar og behandling av saker der kvar enkelt politikar sit på heimekontor.

Kommunane må sjølvsagt få ting gjort. Vedtak må fattast, livet må gå vidare også når det gjeld det offentlege. Men her er det all grunn til å åtvare. Er det korrekt å dure på med alle saker i denne situasjonen? Blir det eigentleg ekte demokrati når lokalpolitikarane skal røyste gjennom ein PC, med potensielt rotete debattar og der alt er prisgitt gode breibandlinjer og ikkje minst at systema fungerer som dei skal?

Sjølvsagt blir ikkje dette fullgode politiske møte. Sjølvsagt blir det stilt spørsmål med ein slik framgangsmåte. Det at heller ikkje publikum kan delta på møta, er i utgangspunktet eit lovbrot. Her har vi ein alvorleg trussel mot lokaldemokratiet. Politikk skal ikkje førast i stengde rom, der heller ikkje dei folkevalde kan sjå kvarandre i augo. I denne unntakstilstanden har ordførarane eit ekstra – og blytungt – ansvar.


Digitalt formannskapsmøte i Sande

Komande fredag skal Sande formannskap ha møte gjennom PC-ar, og utan publikum til stades.