Enorm vekst i arbeidsløysa - men Herøy og Sande slepp likevel billeg unna

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal opplever ein eksplosiv vekst, og er oppe i 10 prosent. Auken i arbeidsløyse i Herøy og Sande er derimot vesentleg mindre enn det mange av dei andre kommunane på Sunnmøre opplever.

NAV: Melder om eksplosiv vekst i arbeidsløysa. I Møre og Romsdal har det blitt 10.952 fleire arbeidsledige siste månaden, ein auke på 375 prosent.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

* Tala er oppdatert fredag kveld etter at NAV oppdaga ein større feil i statistikken.

Både Sande og Herøy har lenge vore mellom kommunane med høgst arbeidsløyse, men begge kjem altså litt betre ut i NAV si oversikt over arbeidsløysa i fylket ved utgangen av mars. Korona-krisa spelar sjølvsagt hovudrolla i denne oversikta.

Sande kommune er faktisk den kommunen i fylket som har minst prosentvis auke i arbeidsløysa, med 168 prosent auke siste månaden. 110 sandssokningar er registrerte som heilt ledige, noko som utgjer 8,5 prosent av arbeidsstokken. Dette plasserer Sande kommune i nedre halvdel av arbeidsløyse-statistikken. Det er 69 fleire som har blitt arbeidsledige siste månaden, og 64 fleire samanlikna med fjorårets mars-tal.

Herøy kommune er framleis høgt oppe i statistikken, med 11,6 prosent (537 personar). Dette er ein auke på 392 personar siste månaden, og 342 siste året. 392 fleire arbeidsledige siste månaden tilsvarar ein auke på 270 prosent.

Stor auke i arbeidsløysa på Sunnmøre

For Sunnmøre samla sett har arbeidsløysa gått opp heile 438 prosent siste månaden. Dette tilsvarar 7.146 personar. Totalt er no 8.776 sunnmøringar arbeidsledige (11,2 prosent). Dette gjer utviklinga på Sunnmøre vesentleg verre enn i resten av fylket. Nordmøre aukar med 263 prosent, medan auka i Romsdal er på 322 prosent siste månaden. For fylket samla sett er auken på 375 prosent, noko som er litt meir enn den totale auken i landet, som er på 360 prosent.

Størst endring er det for Sykkylven kommune. Her auka arbeidsløysa med 1423 (!) prosent siste månaden. Dette er betydeleg meir enn nummer to på lista, Giske kommune som aukar med 583 prosent.

Sykkylven tek også over arbeidsløysetoppen, med 22,4 prosent (914 personar). Deretter fylgjer Ulstein (11,9 prosent- 544 personar), Hareid (11,8 prosent - 308 personar), og Herøy (11,6 prosent - 537 personar). Hareid har ein auke siste månaden på 258 prosent (222 personar), medan Ulstein har heile 451 fleire arbeidsledige samanlikna med sist månad, ein auke på 485 prosent.

Vanylven har framleis lågast arbeidsløyse med 4,4 prosent, noko som tilsvarar 69 personar. Det er likevel verdt å merke seg at av dei 69 så har 44 blitt arbeidsledige siste månaden. Dette er ein auke på 176 prosent, som likevel er den nest lågaste prosentvise auken, etter nabokommunen Sande.

I Volda er arbeidsløysa no på 9,6 prosent (502 personar), ein auke på 392 personar eller 356 prosent siste månaden. I Ørsta er no 549 heilt arbeidsledige, noko som tilsvarar 9,7 prosent av arbeidsstokken. I Ørsta har arbeidsløysa gått opp med 358 prosent (429 personar) siste månaden.