Ber om krisepakke på 50 milliardar

Maritimt Forum Nordvest fryktar korona-krisa skal ta knekken på delar av den maritime næringa. No ber dei regjeringa og Stortinget om 50 milliardar kroner.

ARNFINN INGJERD: Dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, ber regjeringa og Stortinget om ein 50 milliardar kroner stor krisepakke til den maritime næringa.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Dette ligg an til å bli ein krise utan sidestykke i moderne tid. Kritiske delar av den maritime klyngen står i fare. Korona-pandemien kan bli meir krevjande for næringa enn både finanskrisa i 2009 og offshorekrisa til saman. Verft, utstyr, reiarlag, alle vil slite. 90.000 arbeidsplassar er i spel, seier dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, i ei pressemelding.

Interesseorganisasjonen skriv vidare at mykje av optimismen var tilbake i maritim næring på nyåret etter at offshorekrisa ramma hardt i 2014. Men så kom korona-krisa.

– No treng vi å spele på lag med myndigheitene for å halde hjula i gang i den maritime klyngen. Derfor har vi i dag sendt ein omfattande innspelspakke til regjering og Storting, ein pakke som vil koste nærmare 50 milliardar. Men det vil koste meir om maritim næring knekker ryggen, heiter det frå Ingjerd i pressemeldinga fredag kveld.

Dei listar opp heile 40 tiltak innanfor 11 område i sitt brev til regjeringa og Stortinget. Dette er til dømes å framskynde allereie planlagte prosjekt, eller å sette i gang store industriprosjekt som flytande havvind og flåtefornying.

Felles for alle forslaga våre er at staten setter så høge krav som mogleg til norsk innhald, heiter det frå Maritimt Forum.

– Vi er gode på å handtere kriser i dette landet. Myndigheiter, næringsliv og arbeidstakarar samarbeidar om felles løysingar. Det såg vi under finanskrisa og offshorekrisa. No må vi igjen bruke verkemidla for det dei er verdt, seier Ingjerd avslutningsvis.