Ny utsetjing for saka om rådhustilbygget:

– Det er snakk om ein betydeleg kostnadssprekk

Herøy kommunestyre klarte heller ikkje denne gongen å ta ei avgjerd i saka om det planlagte tilbygget til rådhuset.

DIGITALT MØTE: Slik føregjekk fredagens kommunestyremøte. På dette tidspunktet er det ordførar Bjørn Prytz som har ordet.   Foto: Skjermdump

Nyhende

Tysdag skulle kommunestyret i Herøy avgjere om dei var villige til å løyve sju nye millionar til bygginga av rådhustilbygget. På grunn av korona-krisa måtte møtet gjennomførast gjennom skriftleg røysting, noko som sette krav om at kommunestyret gjekk samrøystes inn for eit vedtak. 32 representantar røysta for oppfinansiering, men Frank Roy Moltu (Sp) sette ein stoppar for vedtaket då han røysta mot. Årsaka var at Moltu meinte at saka var for lite debattert.