Herøy og Ulstein mest utsett i Møre og Romsdal

Eksportbedriftene i Møre og Romsdal vil kunne bli hardt råka av koronakrisa, ifølgje ein fersk rapport. I Møre og Romsdal spår Menon Economics at Ulstein og Herøy er mest utsett.

Illustrasjon: Dersom dei store motorane i systemet forsvinn, vil dette få konsekvensar for hundrevis av underleverandørar, åtvarar Eksportkreditt Norge. Derfor meiner dei det er viktig å sikre at både lokale arbeidsplassar og nasjonale eksportretta verdikjeder består.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

På oppdrag frå Eksportkreditt Norge har Menon Economics laga rapporten «Regional effekt av korona for norsk eksportrettet næringsliv». I den har selskapet sett på effekten av koronakrisa for norsk eksportnæring, og har konsentrert analysen om dei næringane utanom olje og gass som er størst. Dei har analysert maritim næring og offshore leverandørindustri, prosessindustri og sjømat. Rapporten konkluderer mellom anna at i overkant av 3.000 eksportarbeidsplassar kan forsvinne i Møre og Romsdal i år.