Havila Shipping sikra ny kontrakt

Havila Shipping har inngått ein ny kontrakt med Total E&P UK på 18 månadar for Havila Commander.

Havila Commander  Foto: Havila

Nyhende

PSVen Havila Commander har vore i arbeid for Total E&P UK sidan april 2012. Den nye avtalen er eit direkte framhald av den allereie eksisterande kontrakten, og gjeld frå april 2020, opplyser Havila Shipping.