Påskegudsteneste i Herøy kyrkje på FM og YouTube

Bygderadio Vest, HerøyLAN og Herøy kyrkje har teke på seg oppgåva med å lage digitale gudstenester i den ekstraordinære påske-perioden.

Som eit tiltak under den vanskelege koronasituasjonen kan du no følgje gudstenestene i Herøy kyrkje digitalt. F.V: Kristoffer Moldskred - Nestleder HerøyLAN, Carl-Henrik Moltumyr, Styreleder HerøyLAN, Thomas F.Tarberg, media ansvarlig - HerøyLAN, Bak, Paul Sundnes, Bygderadio Vest, Arjan D. Sydhagen - Daglig leder - HerøyLAN media og produksjon.   Foto: HerøyLAN

Nyhende

Då kyrkjene på grunn av koronasituasjonen ikkje kan invitere til ordinær gudsteneste denne påska, måtte Herøy kyrkje tenke litt nytt i år. Dei utfordra derfor Bygderadio Vest på om dei kunne tenke seg å sende deira gudstenester på radio no i påska. Det takka dei ja til, og meir enn det.

– Vi i Bygderadio Vest hadde eit svært godt samarbeid med HerøyLAN i samband med kommuneval-sendingane. Og vi forslo derfor for kyrkja at opptaka vart gjort både for radio og nett, seier redaktør Paul Sundnes.

Til hans og kyrkja si store glede svara LAN-ungdomane ja med ein gang, etter å ha blitt utfordra. Saman fekk dei stabla på beina ei digitalt gudsteneste allereie på søndag som var.

– Eg må få lov til å skryte av desse dyktige ungdommane og deira fenomenale innsats, seier Sundnes.

Han forklarar at gudstenester for søndagane og helgedagane i påska no vert spelt inn på førehand og sendt dei aktuelle dagane. Tidspunktet for Bygderadio Vest sine sendingar er klokka 11, med reprise klokka 20 på kveldstid. Elles er opptaka tilgjengeleg til ei kvar tid på deira YouTube-kanal. Sendingane vert naturleg nok også delt på Herøy kyrkje sine digitale plattformer.

Sjølv om initiativet var lite annonsert no i helga som var har nær 300 fått med seg videoopptaket frå søndagsgudstenasta i skrivande stund.


Opa kyrkje i Herøy

Kvar dag, frå kl. 12-14, er Herøy kyrkje ope for publikum.