Opa kyrkje i Herøy

Kvar dag, frå kl. 12-14, er Herøy kyrkje ope for publikum.

HERØY KYRKJE: Kvar dag, frå kl. 12-14, er Herøy kyrkje ope for publikum.   Foto: Arkiv

Nyhende

(Unnateke om der er gravferd i kyrkja, då vert det varsla med oppslag). Første timen er det musikk v/kantor.

– Tiltaket kom i gang fordi vi kanskje trur at nokre har behov for å kome i kyrkjerommet i denne uverkelege tida. Det kan vere for å finne ro eller trøyst i musikk eller stille, seier kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø.

Lysgloben er tend og nokre ønskjer kanskje å tenne lys. Smittevernomsyn vert ivaretekne ved at der ikkje er fleire enn fem til stades om gongen, og at der er oppslag om hygienetiltaka – og god moglegheit til å halde god hygiene og god avstand.

Presten har opa telefontid

Frå og med måndag 30. mars har prest Bjørn Leinebø også opa telefontid mellom kl. 09 og 10 på føremiddag. Det er sjølvsagt mogleg å ringje presten når som helst, men denne timen er sett av til å ta imot telefonar om det som opptek herøyværingane.

Prøver å kome seg på radio

– Elles kan vi opplyse om at vi jobbar med å få til produksjonar frå kyrkja til Bygderadio Vest og sjukeheimane, og kanskje på Internett. Her deltek lokale musikk-krefter, prest og kantor. Planen er å lage program for påskedagane.

De er ingen normal aktivitet i kyrkjene no for tida, men der er både barnedåp, vigsel og gravferd om dagane.