– Skal vi bruke over 34 millionar på å bygge eit praktbygg til administrasjonen?

Frank Roy Moltu meiner saka om det planlagde tilbygget til rådhuset i Herøy ikkje kan avgjerast før dei folkevalde har diskutert saka ordentleg.

NYTT TIL­BYGG: Det nye lens­manns­kon­to­ret for Her­øy og Sande er tenkt som ein del av eit nytt til­bygg til Her­øy råd­hus. Pro­sjek­tet spren­ger kost­nads­ram­ma, og vil no koste to­talt 43 mil­li­o­nar kro­ner. Her­øy kom­mu­ne­sty­re skal un­der eit di­gi­talt kom­mu­ne­sty­re­mø­te fre­dag et­ter­mid­dag av­gje­re om dei er vil­li­ge til å god­ta ei oppfinansiering av pro­sjek­tet.   Foto: Skis­se: Her­øy kom­mu­ne

Nyhende

– Vi er inne i ei tid der vi må forvente lågare inntekter, samstundes som skulane har store oppgraderingsbehov. Borga er full i mugg, og har vore det i fleire år. Skal vi då kontre med å byggje eit praktbygg til administrasjonen?