Ville takke hesepersonellet, tok initiativ til:

«Hjartetreet» på Larsnes

Då Åsbjørg Rekdal (50) fekk sjå eit bilde av «hjartetrea» rundt St. Olavs i Trondheim, fekk ho lyst til få til det same på Larsnes.

Ini­ti­a­tiv­ta­karen: Ås­bjørg Eli­sa­beth Rekdal vart ins­pi­rert av med­le­me­ne i LHL Trond­heim Syd, som strik­ka og syd­de hjar­te som vart hengde opp i eit tre utan­for St. Olavs hospital. Ho fekk i gang eit til­sva­ran­de pro­sjekt utan­for Sandetun på Lars­nes.   Foto: Privat

Nyhende

I eit tre utanfor Sandetun omsorgssenter på Larsnes har det den siste veka dukka opp ein drøss heimelaga hjarte som skal symbolisere håp og tryggleik i denne vanskelege tida.

Hjar­te­tr­eet: Slik ser det ut, og sta­dig duk­kar det opp flei­re hjar­te.   Foto: Wen­che Brit Thor­seth

Initiativet er teke av Åsbjørg Elisabeth Rekdal (50), som bur like i nærleiken, og som no kan sjå det vakre treet frå vindauget i leilegheita si.

– Åsbjørg er likar alt som er kreativt og likar godt å finne på ting, seier Svanhild Yksnøy, som er Åsbjørg sin assistent. Det var også Svanhild som sette Åsbjørg på ideen om hjartetreet.

– Medlemer i LHL-foreininga hadde strikka ein del hjarte og hengt i tre utanfor St. Olavs hospital i Trondheim for å sende ein slags takk til alt helsepersonellet, som jobbar intenst no i desse dagar. Eg sende lenka med bildet til Åsbjørg, for eg tenkte at det kunne vere noko for henne, fortel Svanhild.

Ho tenkte rett. Åsbjørg tok initiativ med ein gong og la ut følgjande melding på Facebook-sida si: «Syns dette va et kjempeflott tiltak og lure på om det er nokon som har sett i gang dette her på Larsnes? For då har eg lyst til å vere med å lage hjarter. Og dersom ikkje – kunne vi ikkje gjere det her også? Fint om vi bla kunne få et tre med mange raude hjarte (av ymse slag) ved sjukeheimen i alle fall».

Ute på tur: Ås­bjørg fram­for tr­eet ved Sandetun.  Foto: Privat

Vaktmeisteren valde treet

Åsbjørg fekk masse fine tilbakemeldingar, og ein av dei tilsette på Sandetun, Anne Marte Tødenes, hjelpte henne med å snakke med vaktmeisteren som fann eit passande tre.

– Ho har oppmoda folk til at dei berre må lage hjarte og henge opp, så lenge dei toler å henge litt ute. Ein treng ikkje nødvendigvis å strikke eller sy, seier Svanhild.

Tunge dagar

I tråd med FHI og Sande kommune sine vedtak for å unngå spreiing av koronaviruset, er Sandetun for tida stengt for besøkende. Åsbjørg, som også er i risikogruppa får heller ikkje sjå familien sin like ofte for tida.

– Det er tunge tider for alle. Og så er det viktig å tenkje på at alle er veldig like i denne samanhengen, seier Svanhild.

Difor er de ekstra kjekt med ei gladsak som denne. Dessutan er det veldig hyggeleg for Åsbjørg og alle på Sandetun, inkludert dei tilsette, at folk viser si støtte ved å henge opp hjarte utanfor sjukeheimen.