SSR-tillitsvalt: - Opplever ei varmande haldning

SSR-tillitsvalt og sjåfør Rune Ulset ynskjer å skryte av abonnentane deira på Ytre Søre. I løpet av dei siste vekene har dei tilsette i renovasjonsselskapet nemleg opplevt jobbkvardagen som litt ekstra givande.

SSR-tillitsvalt og sjåfør Rune Ulset og kollega Stine Beate Skjønberg sender ei takk til alle imøtekomande SSR-abonnentar på Ytre Søre  Foto: Privat

Nyhende

– Folk står i vindauga og ventar på at vi skal kome for å hente bos-dunkane. Dei smiler og vinkar til oss. Enkelte møter også opp i innkøyrslene for å helse på oss, seier Ulset til Vestlandsnytt.

Han held fram med å forklare at koronakrisa ser ut til å ha brakt fram det han opplever som «ei varmande haldning» blant folk i deira nedslagskommunar.

– For oss har det blitt endå kjekkare å gå på jobb når vi veit at fine smil og varme helsingar ventar oss. Dette betyr mykje i ei elles tøff tid, held han fram.

På vegner av seg sjølv SSR sine tilsette sendar Rune derfor ei takk til alle som gjer jobbkvardagen lysare.