Mange vil hjelpe Herøy gjennom koronasituasjonen

84 personar med brei bakgrunn og kompetanse har gitt Herøy kommune beskjed om at dei kan bidra som helsepersonell under koronasituasjonen.

Koronavirus:   Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

– Vi er svært takksame for alle som har meldt seg. Dei vert kontakta når behovet er der, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei minner elles om at det framleis er mogleg å registrere seg for alle som har helsefagleg utdanning, men jobbar utanfor helsevesenet og/eller har ledig kapasitet. Slik hjelp vil dei gjerne ha.

Det kan også vere aktuelt å registrere seg dersom du til dømes har erfaring frå arbeid innan helse- og omsorgssektoren, eller har erfaring frå Røde Kors, sanitet, medic eller liknande, heiter det.

Dei som har meldt seg har slik bakgrunn og kompetanse:

Sjukepleiar: 9

Sjukepleiestudent: 9

Vernepleiar: 1

Vernepleiarstudent: 1

Lege: 1

Medisinstudent: 1

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar: 11

Ergoterapeut/fysioterapeut: 4

Bioingeniør: 1

Tannlege/tannpleiar: 4

Elev helsefag vg1 og 2: 9

Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid: 14

Anna: 19 (Til dømes: Røde Kors, barnevernspedagog, sosionom, medic, fotterapeut)


Siste oppdatering frå Herøy om koronaviruset

Under finn du siste nytt om koronaviruset frå Herøy kommune. Vi held saka oppdatert.