Ber pasientar om å ikkje vente med å ta kontakt med lege

Kommuneoverlege i Herøy, Kristian Gottliebsen, er uroa etter at talet på pasientar med andre plager og symptom enn koronavirus har gått drastisk ned. Gottliebsen går no ut med ei forsikring om at han og dei andre legane er klare til å hjelpe alle som treng helsehjelp.

HERØY LEGESENTER: Sjølv om koronaviruset no tek mykje merksemd, forsikrar kommuneoverlegen i Herøy om at legane ved legesentera både på Eggesbønes og i Myrvåg er klare til å hjelpe pasientar, uansett plage.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi skal sikre helsehjelp til dei som treng det. Ingen skal vere redde for å ta kontakt med legane for hjelp dersom dei har behov for det, sjølv i denne situasjonen vi har no med koronavirus, seier Gottliebsen i ei pressemelding frå Herøy kommune.

Mange avventar koronasituasjonen

Han ser at talet på pasientar som tek kontakt grunna andre årsaker enn mistanke om koronavirus har gått drastisk ned, og trur no har mange sit heime og unngår å ta kontakt med legane i staden for å få hjelp for dei plagene og symptoma dei kjenner på.

– I mange situasjonar bør ein ikkje avvente, seier Gottliebsen.

Dersom du er redd for å gå til lege på grunn av koronasmitte, treng du ikkje bekymre deg. Det er ingen som får sitte på venteromet og vente på time, og pasientar med luftvvegssymptom blir undersøkte på eige rom på legesenteret. Testing foregår på utsida av legekontoret. Legekontoret er nøye med hygiene og smittevernrutinar.

– Fastlegen er framleis innbyggjarane sitt første kontaktpunkt ved behov for legetenester. Vi veit at diffuse symptom kan vere alvorleg sjukdom. Derfor skal du ha låg terskel for å ta kontakt med oss. Dette for at vi kan hjelpe deg så tidleg som mogleg, påpeikar Gottliebsen.

Skal unngå innskrivingar på sjukehus

Kommuneoverlegen er veldig oppteken av at kronisk sjuke pasientar og risikogrupper ikkje blir nedprioriterte.

– Dette kan på lengre sikt føre til behov for innskriving på sjukehus, og det vil vi unngå så langt det mogleg, seier han.

Sidan den noverande pandemisituasjonen kan bli langvarig er det viktig å ha god og kontinuerleg helsehjelp for alle som har behov for dette. Likevel kan fastlegane oppleve eit større press i tida framover, men det skal ikkje pasientane uroe seg over. Dei skal ta kontakt, så får ein time utifrå kva slags behov ein har og utifrå kva grad av hast det er. Akutt og livsnødvendig helsehjelp vert sjølvsagt prioritert.

Uansett kva grad av helsehjelp ein har behov for, skal ein alltid ringe legesenteret først. Ikkje møt opp om dette ikkje er spesifikt avtalt. Ved avtalt oppmøte skal ein om mogleg vente i bilen til ein blir henta av lege. Dette gjeld både om du er pasient ved Myrvåg legesenter og ved Herøy legesenter.

Nyttar videokonsultasjonar

– Alle legane nyttar seg no av videokonsultasjonar, men ved behov avtalar ein fysisk oppmøte ved å ringe det aktuelle legesenteret på førehand. Alle førespurnader vert derfor vurdert individuelt av helsepersonell/lege. Ved behov har legane også høve til å avtale heimebesøk, og bebuarar i institusjon skal sikrast medisinsk oppfølging og ved sjukdom behandlast der, så langt det er mogleg, avsluttar Kristian Gottliebsen.