Stengjer campingplassar og bubilparkering i Herøy

Herøy kommune har beslutta å stengje campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Herøy i perioden 01.04 – 13.04.20.

Koronavirus:   Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

Smittevernoverlegen i Herøy kommune har gjort følgjande lokalt smitteverntiltak 30.03.20:

"Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.20. Lokale styresmakter kan i medhald av smittevernlova § 4-1, 1 ledd vedta andre tiltak som lokalt vert vurdert som nødvendig for å vareta smittevernet i kommunen. Kommunelegen/smittevernoverlegen kan i medhald av SML § 4-1, 5 ledd utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker.

Med heimel i smittevernlova § 4-1, 1 ledd bokstav a, jmfr. § 4-1, 5 ledd, gjer smittevernoverlegen følgjande

Vedtak:

Campingplassar og stadar tilrettelagt for bubilparkering i Herøy vert stengd i perioden 01.04 – 13.04.20." Dette gjeld også kommunal bubilparkering.

Smitte som ikkje har utgangspunkt i utlandet

Kommunen grunngir si avgjersle med at Covid-19-smitte no er påvist i alle kommunane på Søre Sunnmøre. Det er og påvist lokal smitte som ikkje har sitt utgangspunkt i utlandet eller annan stad i landet. Den lokale smitteutbreiinga vert best avgrensa ved å følgje dei nasjonale råd for hygiene, reiser og personleg åtferd, slår kommunen fast. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom målretta lokale tiltak.

Smittevernoverlegen har gått ut med presisering av reiseråd til dei som planlegg reise til Herøy i samband med påskeferien.

Regjeringa har innført nasjonalt hytteforbod som og gjeld Herøy. Campingplassar og bubilparkeringar er ikkje underlagt dette.

Herøy kan vente seg eit visst innrykk av bubilturistar i påska. Dette kan representere moderat auke i smittepresset lokalt.

Smittevernoverlegen har hatt kontakt med campingplasseigarane i kommunen som begge opplyser at dei ikkje har konkrete planar om å halde ope i påska, men at det kan vere at dei opnar for dei som kjem «på døra».

Med dei klare reiseråd regjeringa gir og det nasjonale hytteforbodet, finn smittevernoverlegen det rett å avgrense moglegheitene for camping – og bubilovernatting i Herøy i perioden 01.04–13.04.20. Tidsavgrensinga er i samsvar med det regjeringa har sett for sine tiltak. Det må gjerast ny vurdering av tiltaket før 13.04.20, jmfr den vurdering regjeringa har varsla den 08.04.20.