Slik ville kommunen rette NAV-lovbrot

Større fokus på opplæring og betre internkontroll er Herøy kommune sine viktigaste grep for å rette lovbrot ved NAV-kontoret.

TOPP­LEI­IN­GA: Råd­mann Ola­us-Jon Kop­per­stad og kom­mu­nal­sjef hel­se og om­sorg, Re­na­the Rossi-Kald­hol, har un­der­teik­na til­ba­ke­mel­din­ga til Fyl­kes­man­nen. Her er dei sam­an med pleie og om­sorgs­lei­ar Siv Jensen (lengst til høg­re).   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Som vi har omtala ved fleire høve i det siste, så er ikkje Fylkesmannen fornøgd med korleis Herøy kommune styrer NAV-kontoret i kommunen. Etter ein tilsynssak mot kommunen i haust konkluderte Fylkesmannen med at svikt i handsaminga av sosiale tenester, og manglande kontroll og styring frå leiinga i kommunen, har medført at dei sosiale tenestene i kommunen ikkje er å rekne som forsvarlege.