Nye smittetilfelle i Herøy og Sande

Både Herøy kommune og Sande kommune melder måndag ettermiddag om at det no er fire personar i kvar av kommunane som er smitta av koronaviruset.
Nyhende

Sande kommune melde like etter klokka 14 om at ein fjerde person har fått påvist smitte av koronaviruset. Vedkomande er innlagt på sjukehus. Smittesporingsarbeid pågår.

Rundt 16.30 melde Herøy kommune om at det no også er fire herøyværingar som er smitta av koronaviruset.