Ordførar Prytz om kritikken frå varaordføraren:

-Ikkje misbruk av ressursar

– Det gjer meg rimeleg forbausa når det framleis blir brukt ressursar på eit prosjekt som politikarane har sagt at dei ikkje vil ha. Dette blir heilt uhøyrt!

rett eller gale: Ordførar Bjørn Prytz t.v. og varaordførar Bjarne Kvalsvik er usamde om kva som er rett og gale i Sceneparken-saka. Foto: Stian Langlo Driveklepp. 

Nyhende

Slik reagerer varaordførar Bjarne Kvalsvik på spelemiddelsøknaden som kommunen no har send inn på Sceneparken i Fosnavåg. Sceneparken er kommuneadministrasjonen sitt alternativ til Solparken, som var eit prosjekt det førre formannskapet sa blankt nei til då kostnadene kom på bordet.