Bra kontroll på situasjonen

Vår del av landet har framleis relativt få tilfelle av koronasjukdom. Det gir kommunane endå betre tid til å førebu seg.

Korona: Måndag var til saman 28 personar på Søre Sunnmøre, eit område med rundt 50.000 innbyggjarar, stadfesta smitta av korona. Det er relativt sett eit lågt tal. 

Nyhende

– Vi meiner å ha rimeleg god kontroll på og oversikt over situasjonen. Dei som er stadfesta sjuke, har vi gjennomført ei smittesporing på som vi er relativt trygg på.

Kan førebu seg godt

Det seier smittevernoverlege i Herøy, Bjørn Martin Aasen. Han meiner det relativt premature korona-angrepet vi har sett lokalt fram til no, gir endå betre høve til å førebu seg på det som måtte kome:

– Før helga var 126 personar i Herøy testa, og vi hadde tre påviste med koronasmitte. Det er ikkje noko som tyder på at vi vil få ein umiddelbar «eksplosjon» av talet på smitta, men vi må likevel ta høgde for at det vert ein god del fleire smitta i vekene som kjem.

– Vi gjer tiltaka som er nødvendige for å førebu oss ytterlegare på at det vil kome fleire smittetilfelle, legg Aasen til.

Han minner om råda og tiltaka som helsemyndigheitene gir. Desse går på å halde seg mest mogleg unna andre folk, hald avstand om ein likevel må ut, og generelle hygiene- og reisemessige råd.

I Herøy, som i Sande, heiter det også at det kan vere mørketal når det gjeld talet på smitta. Ikkje alle vert testa sjølv om dei har luftvegsproblem, og så kan det sjølvsagt vere nokon som har viruset og av ulike årsaker heller ikkje veit at dei er sjuke eller føler dei treng teste seg.

Oppdatert kl. 16.30 måndag: No har også Herøy fire tilfelle av koronasmitte (red. mrk)

I går kunne Sande kommune opplyse at dei har teke 70 testar, og ventar svar på fem. Det var i går fire smittetilfelle, eitt meir enn før helga.


Nye smittetilfelle i Herøy og Sande

Både Herøy kommune og Sande kommune melder måndag ettermiddag om at det no er fire personar i kvar av kommunane som er smitta av koronaviruset.


Fin kontroll i Sande

Leiar i Sande kommune sin krisestab, ordførar Olav Myklebust, sa måndag følgjande:

– Også vi kan melde om fin kontroll på situasjonen. Vi har fire smittetilfelle. Dei tre første er i isolasjon, samt to personar i deira næraste krins.

Måndag kom det melding om at ein fjerde sandssokning er smitta. Vedkomande var jamvel innlagd på sjukehus.

Myklebust legg til at det reint praktiske arbeidet fungerer fint. No er det også opna for høve til testing på helg, samt at ein vil ha same moglegheit i påska.

«Påske-ordonnans» til Molde

Aasen og Myklebust opplyser dessutan at Herøy og Sande vil opprette ei ordning med eigen ordonnans som skal få prøver raskt til Molde. Det er Molde sjukehus sitt laboratorium som analyserer prøvene.

– Det, kombinert med at Molde sjukehus har betre kapasitet enn tidlegare, gjer at vi relativt raskt kan få tilbake svar på prøvene. Det er viktig i det vidare smittevernarbeidet, seier Aasen og Myklebust.

28 på Søre Sunnmøre

Oversikta måndag synte at 27 personar i dei seks kommunane på Søre Sunnmøre var stadfesta smitta av korona. Dei fordeler seg slik: Ulstein 6, Volda 6, Ørsta 5, Sande 4, Herøy 4, Hareid 2 og Vanylven 1.