Emilie Hansen (20) sit fast i ei studentleilegheit i Barcelona

Å leve med portforbod

Det er psykisk krevjande å leve slik, i karantene og med portforbod, i den elles så levande metropolen. Men ein lærer å setje pris på dei små tinga ...

Emi­lie Hansen (20): Her­øy­væ­rin­gen tok sjan­sen på å bli igjen i Bar­ce­lo­na, der ho stu­de­rer ant­ro­po­lo­gi. No har ho ik­kje vore ute av lei­leg­hei­ta på over to ve­ker, unnateke når ho må på nær­bu­tik­ken for å hand­le mat. Bryt ho port­for­bo­det, ven­tar ei bot på fleire hundre euro.  Foto: privat

Nyhende

– Her har vi dansa mykje, både inne og ute på altanen, i håp om å sjå nokon andre som dansar ute. Vi har hatt filmkveldar, laga middag saman, tatt ei øl på balkongen og ropt «salud!» til naboen på andre sida av gata, og sjølvsagt – kvar kveld kl. 20 – er vi ute og roper, klappar og slår laus med sleiver og steikepanner for å vise at vi set pris på arbeidet helsearbeidarane gjer, samstundes som ein kjenner på at ein ikkje er åleine i dette.