Treng du forskot på dagpengar?

Neste veke kan du søkje forskot på dagpengar.
Nyhende

Det melder Herøy kommune på sine heimesider. Tiltaket er likevel det same over heile landet.

Mange arbeidstakarar har dei siste vekene søkt om dagpengar frå NAV.


566 permitterte i Herøy og Sande:

– Meir enn vi hadde venta

Per 24. mars er 452 personar i Herøy og 114 i Sande utan arbeid – og fleire skal det bli. Det er ein situasjon NAV ikkje er rigga for å løyse.


Frå måndag ettermiddag (30. mars) vil desse personane kunne søkje om forskot på dagpengar. Pengane kan bli utbetalte før påske.

– Systema våre må bli utvikla til å handtere nye reglar, og bemanning må på plass til sakshandsaming. Difor er vi glade for at vi frå neste veke kan betale ut eit forskot på dagpengar, seier NAV-direktør Sigrun Vågeng i ein artikkel på nav.no.

– Dei løysingane som vi kjem med no, er laga med ei hastigheit som er heilt uvanleg både når det gjeld regelverksarbeid og utvikling av IT-løysingar, held ho fram.

Gjeld for permitterte og arbeidsledige

Ordninga gjeld både for permitterte og arbeidsledige. Den gjeld derimot ikkje for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande, der Stortinget har vedteke å opprette ei heilt ny stønadsordning. For denne gruppa jobba regjeringa vidare med å finne ei løysing.

Du må sjølv søke om forskot

For å få forskot må du:

  • Ha søkt om dagpengar
  • Fylle grunnleggjande krav for rett til dagpengar
  • Søkje om forskot

Du kan søke om forskot på nav.no frå ettermiddagen 30. mars. Du må halde fram med å sende inn meldekort.