Gje eit liv med vatn

Akkurat no er kyrkjelydar over heile Noreg klare til å forandre verda, eitt liv om gongen.

Vatn: Ge­ne­ral­sek­re­tær i Kirkens Nødhjelp, Dag­finn Høybråten sam­an med utviklingsminster Dag Inge Ul­stein i lands­b­yen Bushumba utan­for Bu­ka­vu i Kon­go (DRC).  Foto: Hå­vard Bjel­land, Kirkens Nødhjelp

Nyhende

Klimaendringar, fattigdom, krig og konflikt er diverre ein sentral del av verdsbilete. Då er det godt å sjå at det nyttar å hjelpe og at pengane som samlast inn kjem fram. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med reint vatn og hygiene reddar liv kvar einaste dag.

Akkurat no er kyrkjelydar over heile Noreg klare til å forandre verda, eitt liv om gongen. Det gjer vi gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Aksjonen er den nest største bøsseaksjonen i Noreg, og samlar kvart år 40.000 bøsseberarar.

Årets fasteaksjon blir annleis enn tidlegare år grunna koronasituasjonen. I staden for at konfirmantane i Herøy går rundt med bøsse på dørene, har Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og Herøy frikyrkje oppretta innsamlingsaksjonar på Facebook. Du har òg høve til å vippse ditt bidrag til 2426, eller sende SMS med kodeord VANN til 2426 (då gir avsendar 200 kr).

Vi ser at klimaendringane har alvorlege konsekvensar. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. Folk manglar reint vatn, vert sjuke og i verste fall døyr dei. Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon handlar i år om å gje reint vatn og opplæring i hygiene til menneske som kjenner på kroppen at klimaet forandrar seg.

Som for 14 år gamle Bate og 10 år gamle Kila i Beseko i Etiopia. Landsbyen si einaste vasskjelde var den røffe og skitne elva som gjorde at folk vart sjuke. Det ofselege regnet la heile avlingar under vatn. Folk blei så sjuke at fleire pakka tinga sine og flykta. Korkje Bate eller Kila kunne gå på skulen, dei måtte hjelpe familiane sine for å få kvardagen til å gå rundt.

Frå flukt til blomstring

Etter at dei fekk reint og trygt vatn med midlar frå Kirkens Nødhjelp og det norske folk gjennom TV-aksjonen, har landsbyen vakse til 8000 innbyggjarar, butikkar og marknadar blømer, Kila og Bate kan gå på skulen og byrje å drøyme om ei betre framtid. Vatn forandrar verkeleg alt.

Pengane frå Fasteaksjonen gjer det mogleg å endre liv. Unge jenter treng ikkje lenger bruke fleire timar dagleg for å hente skittent vatn frå vasskjelder dei delar med dyra. Folk held seg friske, kan jobbe og gå på skulen.

Klimaendringane sender menneske på flukt, skapar meir fattigdom og prekær vassmangel. Pengane frå Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp kan gje menneske over heile verda tilgang til reint og trygt vatn, trygge toalett og opplæring i hygiene.

I ei tid der koronaviruset Covid-19 spreiar seg over stadig større område av verda, har nettopp viktigheita av hygiene fått eit fornya fokus. For Kirkens Nødhjelp har hygiene alltid gått hand i hand med det å sikre folk reint vatn. Og denne kombinasjonen reddar liv. Kvar einaste dag.

Sei frå!

Fasteaksjonen gjev også moglegheiter til å vere med å påverke norsk klimapolitikk. Verdas fattigaste har bidrege minst til klimaendringane, men opplever dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig.

Vi kan ikkje endre på det som er gjort, men vi kan gjere noko for å skape ei rettferdig framtid. I Fasteaksjonen kan du bidra ved å signere på Kirkens Nødhjelp og Changemaker sitt opprop for at Noreg skal gje meir pengar til handtering av klimakrisa i fattige land. Etter Fasteaksjonen vert oppropet overlevert statsminister Erna Solberg.

Ung dugnad

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein fantastisk dugnad for rettferd. Både konfirmantar og frivillige nyttar fastetida til å hjelpe dei som treng det mest.

Klimaendringane er alle sitt ansvar, og vi må hjelpe dei som vert ramma. Vi håpar så mange som mogleg vil bidra med si underskrift for å påverke norsk klimapolitikk, og gjev si pengestøtte i vår digitale innsamlingsaksjon. Di støtte gjer ein forskjell!