Leilegheiter, rorbuer og utviding av bustadfeltet:

Mykje i emning på Kvalsund

Nok ei leilegheitssatsing er under planlegging ved hamna på Kvalsund. Også eit større rorbuanlegg er i emning.

leilegheiter: Her ved Solstrandvegen vil tomtearbeidet for eit nytt leilegheitsprosjekt snart vere i gang.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Fleire leilegheiter, utviding av bustadfeltet og nytt fritidsområde med rorbuer er tiltak som for tida er under planlegging på Kvalsund. Tiltaka er for det meste ferdig regulerte, eller under regulering, og kan bli starta opp innan etter måten kort tid.