Mange vil på hytta - ordførarane seier nei

Det er fleire hundre fritidseigedomar i Herøy og Sande. Sjølv om det er forbod mot å overnatte på hytta, er det mange som håpar det likevel kan vere ei moglegheit.

Hyttefelt: Her blir det stilt, sjølv i påska når det tradisjonelt er fulle i alle hus. Dette er i retning mot Toftesund-hyttefeltet på Sandsøya.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

- Vi har fått ei rekkje muntlege førespurnader, og vi har sagt nei til alle saman, seier leiar i Sande kommune sin krisestab, ordførar Olav Myklebust.