Legg eine Hareid-ferja fast til kai

Hareid-Sulesund er eitt av sambanda som blir råka når fylkeskommunen reduserer ferjetrafikken.

går ut: C-ferja mellom Hareid og Sulesund blir teken ut av sambandet frå måndag 30. mars. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Frå komande måndag vil ei av dei tre ferjene i sambandet Hareid-Sulesund bli lagt til kai som eit førebels kostnadssparande tiltak.

Fylkeskommunen opplyser i ei pressemelding at det er C-ferja som blir teken ut av sambandet, slik at alle avgangane som denne ferja er oppsett med blir innstilte.

Også Magerholm-Sykkylven blir redusert, samt tre samband på Nordmøre.

Fylkeskommunen viser til at på dei fleste sambanda i fylket har trafikken gått ned med rundt 60 prosent som følgje av koronasituasjonen. Slik situasjonen er no, har denne reduksjonen påført fylkeskommunen eit inntektstap på meir enn 60 mill. i månaden.